Vakkert - med sjel...Innred din moderne heim med stil - og skap verdiar for deg sjølv og andre!
Det gode liv er levd av generasjonar før oss. Menneska som levde dei er kanskje gamle eller har forlete oss. Men nokre av dei tinga dei omgav seg med er att. Gjerne slitne..., kanskje med ein knekt, liten detalj. Men vakre, og foredla gjennom bruk.Gjennom nærkontakt med menneske som hadde si eiga soge å fortelja.
Heimar med særpreg er spennande. Nokon har ein kreativitet som gjer at spennande, gamle ting får nytt liv i ei moderne setting. I vår tid er mykje blitt forflata gjennom masseproduksjon og effektiviserte metodar, basert på lågast mogleg pris. Greitt nok, men vil du ha det slik? Det gamle handverket gav noko ekstra, ikkje minst når det gjeld høve til reparasjon og opppussing.
Idéelt valgFor deg kan det vera pengar å spare, men helst vil me peika på verdien du skaper!
- For deg sjølv. Men også for miljøet, for verda, for andre menneske som får hjelp til sjølvhjelp.
Idéar til fornying
Hos vår interiørkonsulent får du gode råd og idéar til korleis du kan tenkja rundt fornying hos deg sjølv.
Me kan også hjelpa deg med samanstilling av produkt til ein flott heilskap.



