• Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size

Verdibasert miljøarbeid i globalt perspektiv

Hjem Utviklingsprosjektene Starthjelp for familiebedrifter i Etiopia

Starthjelp for familiebedrifter i Etiopia

Dagleg leiar Jørgen Lollike i Plant eit Tre Ltd. har inspisert treplantingsprosjektet som gjenbruksbutikken i Øystese finansierer i Etiopia. Han er nøgd så langt, forbløffa over enkelte ting og prøver å vera realistisk når det gjeld framtida til tiltaket.

Foto: Jørgen Lollike

– Dette prosjektet handlar om miljø, energiproduksjon, sjølvberging, overleving og utvikling. Og dei aller fattigaste er ein viktig ressurs, seier Lollike.

Planteskulen som Miljøbutikken Plant eit Tre (MPET) samarbeider med i Danno-distriktet fem timar vest for Addis Abeba, har til no gjeve ti familiar opplæring i drift av planteskular. Med det er dei i ferd med å få eit levebrød. Etiopia har 45 prosent analfabetisme, men enkelt eukalyptus-skogbruk er ein vitskap som ikkje krev bruk av store oppslagsverk.

MPET samarbeider med den etiopiske lutherske kyrkja Mekane Yesus, nærare bestemt regionen Central Gibe, som har 182.000 medlemmer. Mekane Yesus har om lag fem millionar medlemmer, og feirer 50-årsjubileum i år. Namnet tyder «Staden der Jesus er».

Ekstremt nyttig plante

Utviklingsentreprenøren kunne på si reise til Afrika i juni slå fast at dei 100.000 eukalyptusfrøa som vart sådde i februar no er drivne fram til levedyktige planter.

Morplantene sette ein del sideskot, og desse vart omplanta som stiklingar. Desse vil verta selde til private bønder for om lag halvanna øre per stykk, slik at dei kan komma også fattige i distriktet til gode. Den symbolske prisen er viktig for at plantene skal bli tatt vare på, og gjev auka samfunnsnytte.

– Eukalyptus har forbløffande mange bruksområde, seier Jørgen Lollike. Og i fylgje Wikipedia høver det raskt-veksande treet både som fyringsved, bygningsmateriale, cellulosekjelde, råstoff til biodrivstoff, ørkenstoppar, vindskjerm, erosjonshinder; kjelde til antiseptisk, insektdrepande og velgjerande olje; myr-opptørkar, smakstilsetting, fargestoffkjelde og – for aboriginarar og etnomusikarar – didgeridoo-emne.

Berre fantasien, gründer-innstillinga og rammebetingelsane set visst grenser for bruken av lauvtreet.

Å planta mange tre i eit område fører også til meir nedbør. Det seier både ”innfødd” naturkunnskap og ei ny hypotese presentert i tidsskriftet BioScience i april 2009. Avskoging, på andre sida, gjer at varm luft frå bakken pressar bort regnskyene. Begge deler er ein sjølvforsterkande prosess.

Gjenbruk så det grin etter

Gjevarglede, gjenbruksinteresse og dugnadsinnsats i Kvam og omegn har samla kapital til treplantingsprosjektet i republikken på Afrikas Horn sidan november 2008.

Liv Skutlaberg er leiar for MPET Øystese:

– Me har hatt ein merkbar auke i salet den siste tida på grunn av marknadsføring og nyanskaffa kortterminal, seier ho. Skutlaberg vil ikkje ut med tala, men er strålande nøgd med responsen frå kvemmingar og tilreisande.

Lollike legg til: - Og så kan me gleda oss over at butikkdrifta innan året tek slutt vil ha finansiert heile anleggskostnaden for butikken.

Pløgjer på gamlemåten

Utplantingsfelta i Danno vert kultiverte med okse og treplog i slutten av tørketida. Kvar okse klarar å bearbeida om lag ein hektar i veka. Oksane er dyre og krev mykje fôr, og det var difor ikkje mogeleg å forhandla fram ein avtale for dette arbeidet for neste sesong, seier Lollike. Fleire oksar strauk med under tørkekatastrofen i fjor, med store tap for eigarane.

Uverkeleg høg vasspris

Brunnar spelar ei svært sentral rolle i etiopiske landsbyar.

– Dei ansvarlege i lokalsamfunnet veit gjerne om gamle brunnar som held på å rase saman, men gjer ofte ingenting, sjølv om dei veit at ein brunn kan redde liv, seier Jørgen Lollike. Han vedgår at slikt gjer han litt oppgitt.

Etioparane har kompetansen som skal til for å støype betongringar til brunnane. Samstundes er Lollike klar over at materialkostnadene for sement og armeringsjarn er ”absurde” på landsbygda i Afrika på grunn av transporten. Å støypa ein enkel brunn kan fort kosta mellom ti og tjue lokale årsløner.

- I eit slikt perspektiv er det meir forståeleg at det er mange ugjorte oppgåver. Einaste realistiske veg på langt sikt er å stimulera til auka inntening, seier Lollike.

- På kort sikt bør me prøva å hjelpa med material i dei mest kritiske tilfella, og samstundes venta stor eigeninnsats.

Overraskingar

– Den store overraskinga i Etiopia var det totale fråveret av transportmateriell når plantar skal fraktast frå planteskulane til plantefelta. Me må òg finna ein måte å frakta trevirket ut frå hogstfelt til bilveg. Her vil ei eselkjerre med jernaksling gjera nytten, meiner Lollike.

– I dette fargesprakande og vidtfemnande landet med framande stammekulturar må ein visa varsemd, innleving og forståing for å vinna øyra for naturlege endringar, seier grunnleggjaren av MPET. Rasjonalisering og arbeidsfordeling er sjølvsagte moment i det å fremja verdiskaping og utvikling i Noreg, påpeikar han. Ein risikerer difor å verta svært overraska når ein vil innføra betre varetransport med relativt enkle midlar i ein etiopisk landsby. Responsen kan lyda: ”Kva skal eg med eselkjerre, når eg har fem koner?”

– Ein e-post frå hovudkontoret til MPET på Biri forandrar ikkje på så mykje i eit slikt tilfelle, seier Lollike med glimt i auga.

– Men uansett må me lytta med respekt. Det kan vera tidkrevjande, og det kan berre gjerast på staden. Det er vårt val, om me vil starta der tilhøva ligg best til rette. Og det er ikkje berre eit spørsmål om pengeoverføringar.

Trur på trendskifte

– Me står overfor eit trendskifte i utviklingshjelp som vil krevja mykje tid, tøffe avgjerder og mykje oppfølging. Både norske og afrikanske styresmakter har slått fast at mykje tidlegare utviklingshjelp har slått feil og vore urealistisk, utan å tena utviklinga for dei fattigaste, seier Lollike.

– Me vil arbeida for at dette første prosjektet skal verta ein modell for ti nye, mindre prosjekt utover frå våren 2010, slik at ambisjonane om folkeleggjering kan verta til røyndom. Det vil koma både menneske og miljø til gode, avsluttar han.

Sist oppdatert tirsdag 23. mar 10 22:45  

Nyheter

Første butikk åpnet i Øystese/Kvam

bilder fra åpningen av Plant et Tre i Øystese/Kvam.

Fra åpningen av den første butikken vår. Det møtte opp en mengde mennesker, med ordføreren i spissen, og stemningen var god.

Her har vi lagt ut en mengde bilder fra åpningen.

 

 

 

 

Les mer…
 
Dansk haugianer setter plogen i Kvam

Reportasje ved Oddvar Berge. Tekst og foto.

Gjenbrukssenter i Kvam.
Pionerprosjekt.

Et nytt konsept for globalt klimaarbeid realiserte sitt første lokale gjenbrukssenter i Øystese i Hardanger lørdag 15. november 2008. Konseptet har en ambisiøs målsetting om å bidra positivt i forhold til verdens utfordrende klimakrise. Inspirasjon hentes fra Midt-Østens suksessrike ørkengjenvinningsprosjekter kombinert med velprøvde norske haugianske prinsipper for drift og vedlikehold.

Interesse
Aldri har jeg opplevd maken til interesse ved noen nyåpning sier ordfører i Kvam, Astrid Farestveit Selsvær som sammen med næringsutvikler i kommunen, Jan Tjosås, ”klippet snoren” ved hjelp av en vedsag. Køen var lang utenfor da oppussingsansvarlig for butikklokalene, Svein Moldsvor fra Lid Jarnindustri, vred om nøkkelen og åpnet døra til de for formålet meget velegnede lokaler i sentrum av Øystese. Lokalene har tidligere rommet Døssland Matsenter og senere Europris, og altså fra nå av Hardangers største gjenbruksforretning. Folk kom langveis fra og mente prisene var altfor lave. Varene fikk raskt ”ben å gå på”. Nye partivarer, pent brukte gjenstander i variert utvalg og attraktive antikviteter, noe for salg til stipulerte priser og noe til høystbydende etter auksjonsprinsippet. Alt lekkert og tiltalende stilt ut ved dekorasjonsansvarlig medvirkende konsulenter.

Les mer…
 
Plant eit tre fekk eldsjelprisen!

Gjenbruksføretaket Plant et tre Ltd (PET) oppretta si første avdeling i Øystese i november 2008. Tolv månaders drift har gjeve miljøbutikken ein omsetnad på 970.000 kroner, etter livleg handel og kraftig vekst gjennom heile året.

Dei 35 frivillige som står bak butikken vart i slutten av november påskjøna med eldsjelprisen av kultursjef i Kvam herad, Lars Erik Klafstad.

Prisen vert tildelt ein person eller ei gruppe som har betra trivsel og livskvalitet for andre.

Prisen, ein diplom og eit måleri av den lokale kunstnaren Annlaug Maria Tolo, vart overrekt til fire av gjenbruksentusiastane i forsamlingshuset Holmatun under eit seminar for frivillige organisasjonar.

Bak prisen står Grannehjelpa - frivilligsentralen i Kvam – kulturkontoret, og Folkeakademiet.

Les mer…
 

Butikker

Login

Prosjekt-nytt

Starthjelp for familiebedrifter i Etiopia
Dagleg leiar Jørgen Lollike i Plant eit Tre Ltd. har inspisert treplantingsprosjektet som gjenbruksbutikken i Øystese finansierer i Etiopia. Han er nøgd så langt, forbløffa over enkelte ting og prøver å vera realistisk når det gjeld framtida til tiltaket.

Foto: Jørgen Lollike

– Dette prosjektet handlar om miljø, energiproduksjon, sjølvberging, overleving og utvikling. Og dei aller fattigaste er ein viktig ressurs, seier Lollike.

Planteskulen som Miljøbutikken Plant eit Tre (MPET) samarbeider med i Danno-distriktet fem timar vest for Addis Abeba, har til no gjeve ti familiar opplæring i drift av planteskular. Med det er dei i ferd med å få eit levebrød. Etiopia har 45 prosent analfabetisme, men enkelt eukalyptus-skogbruk er ein vitskap som ikkje krev bruk av store oppslagsverk.

Les mer…