Grønn diakoni

Skjulte skattar

Godt utval
Eit breitt sortiment av varer kjem inn. Mest populære er varer i kategorien Ting og nips; mellom anna koppar og kar og servise. Omsetnaden av klede er òg stor, og salet av bøker er “overveldande” i fylgje Skutlaberg.
Ting tyder på at smaken til dei som gjev, stemmer om lag med smaken til dei som kjøper. Ofte kjem kundar med nye varer samstundes som dei kjøper med seg noko anna. Skutlaberg anslår at berre fem prosent av varene som kjem inn havnar i søpla – unnateke når det gjeld klede, der talet er enno lågare. 20 prosent av kleda som kjem inn vert selde i butikken, medan 80 prosent går som humanitær hjelp til fattige i Aust-Europa.
Stadig nye kundar kjem innom for å finna fine ting til ein billig penge. Både frå Os og frå Ullensvang har folk ringt for å høyra seg for om sjansane til å gjera eit godt kjøp.
Kundane er i alle aldrar; frå eldre damer som ser etter noko å friska opp heimen med til barnet som kjøper seg ei ny leike eller 50-åringen som skal ha ein CD. Nokre samlarar er òg innom.

Nokre godbitar

{gallery}Ting/Skatter/1{/gallery}

Brurekjole og smoking

Når ho vert spurd om gode kjøp-historiar fortel Liv at det for ikkje lenge sidan var eit brurepar innom og fann både brurekjole og smoking til ein god pris, og vart svært nøgde.
– Då var alle som jobba i butikken rørt.
Ho trur mange har sakna ein slik butikk, og at han kom i akkurat rette tida.
–Det er in å kjøpa brukt no. Ungdommar kjem her for å finna sko, smykke, videoar eller klede. Hybelbuarar hamstrar kjøkenutstyr her, og det er fullt akseptert.
– Har du greie på frimerke? Me har nett fått inn ei samling, men veit ikkje kva me skal ta for ho.
–Det me tek inn må vera reint, heilt og kunna seljast, seier Skutlaberg.
Medarbeidar Anne-Lise Kristensen frå Vikøy har handla på Fretex i mange å, og har lenge ynskt at det skulle koma ein slik butikk hit. Ho trur også hyttefolket på Kvamskogen vil finna vegen til butikken ved Vikelandet.

 

Dugnadsgjengen
Ulike talent utfyller kvarandre i innsatsen. Dei som arbeider i butikken legg ned til saman to årsverk. Kvar måndag er det dugnad, då er fleire med. I tillegg er mange innom i laupet av veka for å ta imot varer, sortera, prisa, vaska klede, stryka dei og pakka for sending.
– Folk er med mellom anna fordi det er kjekt og sosialt, seier Liv Skutlaberg.
– Me har funne ein gøymd ressurs i folk.
Dei frivillige er delt inn i arbeidsgrupper alt etter interesse og kunnskapar. Klede, ting og nips, dekorasjon, bøker, sport og fritid, elektrisk og data og leiker og spel er alle område som vert tekne vare på.
Om sin eigen bakgrunn for å vera med i Plant eit tre seier Skutlaberg:
– Eg var med på eit tidleg informasjonsmøte om tiltaket. Eg er ein Fretex-fan sjølv som likar å gjera eit godt kjøp, og vart veldig tent på ideen. Eg vart med i styringsgruppa, og då det vart trong for ein til å trekkja i trådane, sa dei andre at det fanst ingen andre enn eg som kunne gjera det.
I byrjinga var lokala i Døssland-bygget i overkant store for føretaket. I dag er ikkje det tilfelle lenger; prosjektleiar Svein Moldsvor seier butikken kunne trengt ein halv gong så stor plass som dei 370 kvadratmetrane gjev.

 

Fleire godbitar


{gallery}Ting/Skatter/2{/gallery}