Grønn diakoni

Starthjelp for familiebedrifter i Etiopia

MPET samarbeider med den etiopiske lutherske kyrkja Mekane Yesus, nærare bestemt regionen Central Gibe, som har 182.000 medlemmer. Mekane Yesus har om lag fem millionar medlemmer, og feirer 50-årsjubileum i år. Namnet tyder «Staden der Jesus er».

Ekstremt nyttig plante

Utviklingsentreprenøren kunne på si reise til Afrika i juni slå fast at dei 100.000 eukalyptusfrøa som vart sådde i februar no er drivne fram til levedyktige planter.

Morplantene sette ein del sideskot, og desse vart omplanta som stiklingar. Desse vil verta selde til private bønder for om lag halvanna øre per stykk, slik at dei kan komma også fattige i distriktet til gode. Den symbolske prisen er viktig for at plantene skal bli tatt vare på, og gjev auka samfunnsnytte.

– Eukalyptus har forbløffande mange bruksområde, seier Jørgen Lollike. Og i fylgje Wikipedia høver det raskt-veksande treet både som fyringsved, bygningsmateriale, cellulosekjelde, råstoff til biodrivstoff, ørkenstoppar, vindskjerm, erosjonshinder; kjelde til antiseptisk, insektdrepande og velgjerande olje; myr-opptørkar, smakstilsetting, fargestoffkjelde og – for aboriginarar og etnomusikarar – didgeridoo-emne.

Berre fantasien, gründer-innstillinga og rammebetingelsane set visst grenser for bruken av lauvtreet.

Å planta mange tre i eit område fører også til meir nedbør. Det seier både ”innfødd” naturkunnskap og ei ny hypotese presentert i tidsskriftet BioScience i april 2009. Avskoging, på andre sida, gjer at varm luft frå bakken pressar bort regnskyene. Begge deler er ein sjølvforsterkande prosess.

Gjenbruk så det grin etter

Gjevarglede, gjenbruksinteresse og dugnadsinnsats i Kvam og omegn har samla kapital til treplantingsprosjektet i republikken på Afrikas Horn sidan november 2008.

Liv Skutlaberg er leiar for MPET Øystese:

– Me har hatt ein merkbar auke i salet den siste tida på grunn av marknadsføring og nyanskaffa kortterminal, seier ho. Skutlaberg vil ikkje ut med tala, men er strålande nøgd med responsen frå kvemmingar og tilreisande.

Lollike legg til: – Og så kan me gleda oss over at butikkdrifta innan året tek slutt vil ha finansiert heile anleggskostnaden for butikken.

Pløgjer på gamlemåten

Utplantingsfelta i Danno vert kultiverte med okse og treplog i slutten av tørketida. Kvar okse klarar å bearbeida om lag ein hektar i veka. Oksane er dyre og krev mykje fôr, og det var difor ikkje mogeleg å forhandla fram ein avtale for dette arbeidet for neste sesong, seier Lollike. Fleire oksar strauk med under tørkekatastrofen i fjor, med store tap for eigarane.

Uverkeleg høg vasspris

Brunnar spelar ei svært sentral rolle i etiopiske landsbyar.

– Dei ansvarlege i lokalsamfunnet veit gjerne om gamle brunnar som held på å rase saman, men gjer ofte ingenting, sjølv om dei veit at ein brunn kan redde liv, seier Jørgen Lollike. Han vedgår at slikt gjer han litt oppgitt.

Etioparane har kompetansen som skal til for å støype betongringar til brunnane. Samstundes er Lollike klar over at materialkostnadene for sement og armeringsjarn er ”absurde” på landsbygda i Afrika på grunn av transporten. Å støypa ein enkel brunn kan fort kosta mellom ti og tjue lokale årsløner.

– I eit slikt perspektiv er det meir forståeleg at det er mange ugjorte oppgåver. Einaste realistiske veg på langt sikt er å stimulera til auka inntening, seier Lollike.

– På kort sikt bør me prøva å hjelpa med material i dei mest kritiske tilfella, og samstundes venta stor eigeninnsats.

Overraskingar

– Den store overraskinga i Etiopia var det totale fråveret av transportmateriell når plantar skal fraktast frå planteskulane til plantefelta. Me må òg finna ein måte å frakta trevirket ut frå hogstfelt til bilveg. Her vil ei eselkjerre med jernaksling gjera nytten, meiner Lollike.

– I dette fargesprakande og vidtfemnande landet med framande stammekulturar må ein visa varsemd, innleving og forståing for å vinna øyra for naturlege endringar, seier grunnleggjaren av MPET. Rasjonalisering og arbeidsfordeling er sjølvsagte moment i det å fremja verdiskaping og utvikling i Noreg, påpeikar han. Ein risikerer difor å verta svært overraska når ein vil innføra betre varetransport med relativt enkle midlar i ein etiopisk landsby. Responsen kan lyda: ”Kva skal eg med eselkjerre, når eg har fem koner?”

– Ein e-post frå hovudkontoret til MPET på Biri forandrar ikkje på så mykje i eit slikt tilfelle, seier Lollike med glimt i auga.

– Men uansett må me lytta med respekt. Det kan vera tidkrevjande, og det kan berre gjerast på staden. Det er vårt val, om me vil starta der tilhøva ligg best til rette. Og det er ikkje berre eit spørsmål om pengeoverføringar.

Trur på trendskifte

Jørgen Lollike på ei gangbru av eukalyptus

– Me står overfor eit trendskifte i utviklingshjelp som vil krevja mykje tid, tøffe avgjerder og mykje oppfølging. Både norske og afrikanske styresmakter har slått fast at mykje tidlegare utviklingshjelp har slått feil og vore urealistisk, utan å tena utviklinga for dei fattigaste, seier Lollike.

– Me vil arbeida for at dette første prosjektet skal verta ein modell for ti nye, mindre prosjekt utover frå våren 2010, slik at ambisjonane om folkeleggjering kan verta til røyndom. Det vil koma både menneske og miljø til gode, avsluttar han.