Dagleg leiar Jørgen Lollike i Plant eit Tre Ltd. har inspisert treplantingsprosjektet som gjenbruksbutikken i Øystese finansierer i Etiopia. Han er nøgd så langt, forbløffa over enkelte ting og prøver å vera realistisk når det gjeld framtida til tiltaket.
Foto: Jørgen Lollike
[caption id="attachment_26" align="alignright" width="300"]Denne familien vil nyte godt av opplæringen av planteskolelærere[/caption]
– Dette prosjektet handlar om miljø, energiproduksjon, sjølvberging, overleving og utvikling. Og dei aller fattigaste er ein viktig ressurs, seier Lollike.
Planteskulen som Miljøbutikken Plant eit Tre (MPET) samarbeider med i Danno-distriktet fem timar vest for Addis Abeba, har til no gjeve ti familiar opplæring i drift av planteskular. Med det er dei i ferd med å få eit levebrød. Etiopia har 45 prosent analfabetisme, men enkelt eukalyptus-skogbruk er ein vitskap som ikkje krev bruk av store oppslagsverk.