Grønn diakoni

Miljøbutikken Plant eit tre Øystese

Adresse Plant Et Tre, Hardangerfjordvegen 587, 5610 Øystese
Telefon 403 38 010
Facebook-side Facebook Øystese
Åpningstider: Mandag stengt, tirsdag-onsdag-fredag kl 10-16, torsdag 11-17, lørdag 10-14

Butikken vår opna 15. november 2008.

Me har heile tida halde til i leigde lokale i Hardangerfj.vn. 587 i Øystese.
Butikken har cirka 40 frivillige, både kvinner og menn. 4 personar utgjer styret for butikken.
Ingen av dei frivillige mottek løn eller honorar.
Årleg vert det lagt ned mange dugnadstimar for å halda drifta i gang. (ca. 6300 timar i 2024)

Det økonomiske overskotet går til ulike prosjekt i både Afrika, Asia og Europa. (link til prosjektinfo.)
Overskotsvarer frå butikken vert kontinuerleg pakka og sett på lager. Om lag ein gong årleg har me hjelpesending til Latvia. Me har kontakt med transportfirma som leverer varene vederlagsfritt. Vår kontakt i Latvia fordeler varene etter behov.

Både bygdefolk og tilreisande kundar fortener stor takk for at dei handlar i butikken vår, og gjev varer til butikken! På den måten er dei med på å gjera det mogleg for oss å hjelpa andre til eit betre liv!