Plant eit tre fekk eldsjelprisen!
Gjenbruksføretaket Plant et tre Ltd (PET) oppretta si første avdeling i Øystese i november 2008. Tolv månaders drift har gjeve miljøbutikken ein omsetnad på 970.000 kroner, etter livleg handel og kraftig vekst gjennom heile året.
Dei 35 frivillige som står bak butikken vart i slutten av november påskjøna med eldsjelprisen av kultursjef i Kvam herad, Lars Erik Klafstad.
Prisen vert tildelt ein person eller ei gruppe som har betra trivsel og livskvalitet for andre.
Prisen, ein diplom og eit måleri av den lokale kunstnaren Annlaug Maria Tolo, vart overrekt til fire av gjenbruksentusiastane i forsamlingshuset Holmatun under eit seminar for frivillige organisasjonar.
Bak prisen står Grannehjelpa – frivilligsentralen i Kvam – kulturkontoret, og Folkeakademiet.