Grønn diakoni

Plant eit tre fekk eldsjelprisen!

KlodeLeaf01

Det er tredje gongen prisen vert delt ut. Han er ei oppmuntring til personar og lag som tek på seg oppgåver som offentlege institusjonar ikkje maktar åleine.

Overskotet frå butikken er stort, då ingen tek ut løn.For pengane har PET til no finansiert framdyrking og utplanting av 250.000 eukalyptustre i Etiopia, i samarbeid med Mekane Yesus-kyrkja.

Det allsidige eukalyptustreet krev mykje vatn, men fordi det har djupe røter er det godt eigna til dyrking mange stader på kloden.

Eukalyptus kan nyttast til alt frå bygningsmateriale til medisinar og biodrivstoff. Dessutan motverkar skogplanting ørkenspreiing, og bind opp mykje karbondioksid.

Den andre måten Plant eit tre arbeider på er å vidareformidla norske overskotskle til Aust-Europa. Jørgen Lollike, dagleg leiar i PET, har lang erfaring i bistandsarbeid. Han er godt nøgd med kor langt arbeidet har kome etter berre eitt år:

– Dette er ei stor oppmuntring for alle som arbeider med butikken, og for heile Plant eit tre sitt miljøarbeid, seier han.

Liv Skutlaberg, leiar for butikken i Øystese, seier at prisen er eit stort løft for alle medarbeidarane.

Butikk nummer to i kjeden er alt i drift på Moster på Bømlo.