Grønn diakoni

Fyrste klessending frå gjenbruksbutikken

Lossing på Gjøvik

Mars 2009

Lossing på Gjøvik

Lossing på Gjøvik

Den fyrste sendinga på 53 kassar med overskotsklede vart lasta på bilen om kvelden fredag 20. mars 2009. Plant eit tre hadde fått låna ein varebil frå Norheimsund Industrier, og laurdagsmorgon gjekk turen mot aust over Hardangervidda.
Kleda vert vidareformidla av naudhjelpsorganisasjonen Ny Start i Øst og deira kontaktar i Aust-Europa. Dagleg leiar i PET, Jørgen Lollike, har i det siste teke imot naudrop frå Aust-Europa, som lid hardare under finanskrisa enn mange vestlege land.

Ny Start i Øst
Lagersjef for Ny Start i Øst heiter Jørn Nilsen. I Ny Start i Øst sin butikk på Gjøvik, som er ein av ti slike gjenbruksbutikkar, var det mange kundar den laurdagen me var der.
Det er venta at folk brukar to-tre år på å tilvenna seg tankegangen om å levera inn brukte varer. Omsetnaden i Øystese er no som etter fem år i dei andre butikkane.

Nokre tal
Frå Ny Start i Øst går det ut 36 semitrailarar i året frå dei ni butikkane. Det tilsvarar ein lastebil i veka i ti månader. Kvar bil tek 100 kubikkmeter. Inntektene frå NSiØ-butikkane går til mellom anna transporten til Aust-Europa. Latvia har no stort behov for klede, og det fell godt saman med våropprydding i norske heimar.