Gjenbruksbutikken Plant eit tre i Øystese i Hardanger opna 15. november 2008 som ei miljøretta og utviklingsfokusert bedrift. Dette er den første i ein heil familie butikkar, planlegg vi.
Føremålet med butikken er å ta imot brukte ting som er for gode til å kasta, og tilby dei til ein rimeleg pris til nye eigarar. Ein viktig tanke er òg å verna miljøet ved å minka søppelmengda og redusera behovet for produksjon av nye ting ein smule.
Overskotet frå Plant eit tre går til skogplanting i Etiopia. Dette afrikanske landet slit med sterk avskoging, og nyplanting her gjev betre tilhøve for både menneske, dyr og planter. Dessutan bind skogen CO2, senkar bakketemperaturen og gjev ei jamnare fordeling av regnet. Dei første 100.000 trea er alt bestilte.
Ting og miljø opptek oss – det gjer også menneske. Difor engasjerer vi oss òg i brønnboring i Mali, og den første brønnen er under bygging.
Ein stor del av det som kjem inn av varer til Plant eit tre er klede. Mesteparten av desse sender vi vidare til Aust-Europa.
Drifta av butikken er basert på frivillige medarbeidarar, difor blir overskotet stort.
Di gjevar- eller gjenbruksglede vist i butikken gjev synlege resultat både i Kvam, Aust-Europa og Afrika. Velkomen til ein meiningsfylt handel!
Foto: Vigleik Norheim